Hurra for Aure IL som fyller 100 år!!


Bursdagen vart feira med vellykka aktivitetsdag laurdag 11.juni.

Aure Idrettslag feira hundreårsdagen med det laget er best på, altså mykje og variert aktivitet. Arrangementet var gratis, og vi serverte gratis pølse med brød, kaffe og saft, og sjølvsagt bursdagskake.

 Inne i Aure Arena stilte handballgruppa med balleik og aktivitetar,  klatregruppa sørga for at gjestane fekk prøve seg i klatreveggen, medan turngruppa inviterte til turnleik.

Ute på stadion stilte Tustna IL med bueskyting, og vår eiga ski- og friidrettsgruppe var ansvarleg for lengdehopp og ballkast. Fotballgruppa sørga for at folk fekk testa seg i ei ferdigheitsløype og ikkje minst bryna seg på dei nye boblefotballane laget har kjøpt. Mathias og Kristoffer hadde lagt til rette for ei aktivitetsløype med hjelp av utstyr frå  "Utetimen" som Sparebank 1Nordmøre har sponsa oss med. I tillegg varta tur- og trimgruppa opp med natursti i terrenget rundt stadion. I lokala til spinninggruppa på kjøpesenteret kunne den som ville få prøve seg på spinning.

To av sponsorane våre, NEAS og Sparebank 1 Nordmøre, stilte også opp med aktivitetar. NEAS med fotballdart, og Sparebank 1 Nordmøre med presisjonsskyting.

Den idrettsinteresserte ordføraren vår, Hanne- Berit Brekken, holdt ein veldig fin tale om kva Aure IL betyr for Aure Samfunnet. Takk for fine ord, og ikkje minst takk for gåva på kr 5000,- 

Banksjef Hans Mellemseter overrekte også gåve på kr 5000,- til laget frå hovedsponsoren Sparebank 1Nordmøre. Styreleiar May Renate Settemsdal takka for gåvene og takka alle sponsorar, samarbeidspartnarar og ildsjeler for bidrag som gjer at vi kan oppretthalde stor aktivitet i laget.

Speaker Ivar Torset og Erik Vullum kommenterte og losa oss trygt gjennom dagen. Bileta teke av vår eigen fotograf Line Ormset oppsummerer dagen på beste vis. 

Tusen takk til alle som møtte opp både for å delta og for å arrangere denne dagen!