Set du også pris på skiløyper som dette?


Da kan du vippse ein valgfri sum til løypekøyringa til Aure IL.

Kvar vinter sørgar Aure IL for preparerte løyper i Aurdalen. Løypekøyrarane legg ned mange dugnadstimar for at vi skal få gå i perfekte spor, medan Aure IL står for kostnad med både drift, vedlikehald og diesel til løypemaskina. 

Støtt gjerne løypekøyringa med ein valgfri sum til Vippsnr 120851.

Og ei oppfordring til slutt: Senk farten og køyr forsiktig oppover Aurdalen! 
Alle bilar som skal opp må ned same vegen. Vegen er smal, og bilar kan berre møtast på møteplassar og avkjørslar. Stopp, rygg og møtast der det er breitt nok. På det viset unngår vi utforkøyringar og at nokon endar i grøfta, det skjer nesten dagleg.
Vegen er også populær for turgåarar, og det bur både folk og dyr oppover dalen. Dette er også gode argument for å ta det veldig roleg med bil og heller gi på litt ekstra i skiløypa.

God tur!


Del på: