Info om det komande årsmøtet


Vi håpar å kunne avhalde årsmøte for 2020 i april eller mai

Vanlegvis må årsmøtet haldast i løpet av mars, men koronasituajonen gjer at Norges Idrettsforbund har utsett denne fristen til ut juni.

Hovudstyret i Aure IL har landa på at vi prøvar å avhalde årsmøtet i slutten av april eller i mai. Det er fleire grunnar til det. Ein av grunnane er at vi har eit stort ønske om å kunne møtast fysisk til årsmøtet. I fjor hadde vi årsmøtet i juni. Det gjer at mange som kom inn i verv i fjor berre har fungert 3/4 år no. I tillegg har koronasituasjonen gjort at aktivitet hausten 2020 kom seint i gang.

Vi kjem tilbake med endeleg dato for årsmøtet når vi veit meir om dato og møteform. For å spikre det er vi avhengige av gjeldande smittevernreglar.

Del på: