No er skisesongen i gang i Aurdalen.


Løypemelding og praktisk info frå Aure IL

Første tur med nymaskina
I går kveld var den nye løypemaskina ut på sin første runde. Resultatet vart flotte spor, så det er tydeleg at maskina fungerer godt og blir handtert rett. Mange har allereie vore ute på ski og kome med positive tilbakemeldingar.

Sporing av løypekjøring via løyper.net
Vi har gått over til ein anna leverandør for sporing av løypekjøring.
Dette skal fungere frå og med 13.januar.
Du kan halde deg oppdatert via denne lenka: https://www.loyper.net/#aure/12,8.62221,63.27380

Løypenett
I vinter vil det hovedsakleg bli køyrd skiløyper i lysløypa og på myrene i Tverrbotn. I tillegg vil det jamnleg bli lagt til rette for skileik på ekra ved skibasen.
Vegen inn til Sølømen vil bli brøyta i år pga det er anleggsveg for Aure Kommune. Det blir derfor ikkje køyrd løype her i vinter.

Turnus løypekjøring 2021

Det kan til tider vere stor trafikk opp og ned Aurdalsvegen. Senk farta, ta høgde for at det kjem bil imot, og møtast berre på møteplassar/avkjøringar, da unngår vi uhell.

Riktig god tur!