Full pott i Lokalverdi-innsamlinga og 100 000 kr til ny løypemaskin


Tusen takk til alle som bidro med pengar!

I vår starta vi prosjektet Lokalverdi saman med Hemne Sparebank for å samle inn pengar til ny løypemaskin. For kvar krone som kom inn ga Hemne Sparebank ei krone.

No har vi samla inn 50 000 frå privatpersonar, lag og organisasjonar, og Hemne Sparebank har gått inn med 50 000 kr. Dermed har vi  nådd målet om å få inn 100 000 kr.

Tusen takk til alle som har vore med å bidra og til Hemne Sparebank som støtta oss med 50 000 kr! Desse pengane går rett inn i kjøpet av ny løypemaskin som vi har signert avtale på og som blir levert no i haust.

Prosjektet i Lokalverdi:

Kvar vinter køyrer frivillige frå Aure IL  opp milevis med skispor. Dette er eit gratistilbod til både laget sine medlemmar, innbyggarar i kommunen, hyttefolk, og rett og slett alle som har lyst til å gå på ski. 

Kvar måndag vinteren gjennom arrangerer Aure IL "Barn i løypa" for å ha tilbod til dei minste. Vi har lokale renn, og vi har til og med utøvarar som hevdar seg på nasjonalt nivå.

No er løypemaskina moden for utskifting og vi må investere i ei ny. Dette er ein veldig stor kostnad for eit lag som Aure IL.

Fine skiløyper i Aurdalen er noko vi tydeleg kan sjå at alle i bygda set pris på. Noko av det vi får igjen er skiglede, folkehelse, trivelege samenkomstar i skihytta vår, glade folk som rett og slett nyt det å mosjonere og treffe sambygdingar. Vi ser dette har stor verdi for ikkje berre folk i Aure sentrum, men frå heile kommunen vår.

Både privatpersonar, bedrifter og næringsliv kan støtte kjøp av nytt løypemaskin. Vi håpar på mange blir med og gir litt slik at vi kan stille med fine skispor komande vintrar også!