Aure IL


Aure IL innstiller treningar f.o.m. torsdag 12.mars

Nytt vedtak i går kveld er at vi inntil vidare også avlyser alle treningar.

Dette med utgangspunkt i at nokre treningar i går vart avlyst grunna uavklarte «korona-ting», og det vart etterlyst felles retningsliner. Vidare sendte kommunen ut retningsliner i går kveld der frivillige lag mv blir bedt om å «begrense sin aktivitet».Vi er slik sett i tråd med dette.

Forstår om dette på somme kanskje kan verke drastisk, og eg tenkjer at vi fortsatt må kunne tenkje sjølv, og at dette handlar om tett kontakt fleire personar/grupper, innendørs etc.Ting som openbart fell utanom dette, og som ikkje medfører smitterisiko må få kunne gå som før.

I tillegg gjeld også:

  • Handballgruppa avlyser handballkampane førstkomande søndag der vi ventar gjestar frå: Hitra, Orkdal, Lensvika og Tr.heim.
  • Vi trekkjer handball-laga frå Aure IL som skulle vere med på tilsvarande arrangement i Orkdalen på laurdag. Dvs at vi ikkje reiser dit på handballkamp.
  • Vi utsett årsmøtet med ei veke til 23.03.20 i påvente av ein meir avklara situasjon.
  • Søndag 15. mars blir det IKKJE open skihytte.

Vi gjer vurderingar og kjem med oppdateringar på denne saka.


Del på: