Ella Ekren blir Aure IL sin nye daglege leiar.
Heilt sidan hausten 2019 da Ragnhild Våg gjekk over i 100 prosent stilling hos Sparebank 1 Regnskapshuset har vi vore på utkik etter ein ny dagleg leiar i Aure IL. Det er derfor ei glede å kunne annonsere at Ella Benedicte Ekren no startar som dagleg leiar.
Ella bor no på Åneset, men er opprinneleg frå Melhus. Ho er utdanna servitør og institusjonskokk, kettlebellsinstruktør og Canisinstruktør. I tillegg er Ella treningsvillig og har drive med mange slag idrett sjølv.
Vi gler oss til å bli bedre kjent med Ella! Velkommen til oss i Aure IL!