Bli med og ta imot verdenseliten i langrenn


Meld deg som frivillig til Toppidrettsveka 2019 no!

Fredag 23. august er det igjen duka for Toppidrettsveka i Aure. Verdenseliten i langrenn skal gjennom to konkurransar. Først Aure-Brekka, så sprinten i sentrum. For at løparane skal få gode konkurransar og flotte opplevingar i Aure treng vi di hjelp i år også.

Alle kan bidra, vi treng alle typar kunnskap og kompetanse. Kaffekoking, matservering, rigging, løypevakter, rigging av stillas, informasjon til løparar og publikum – Vi har garantert jobb til alle!

Konkurransedagen er fredag 23.august på Aure. Det betyr at vi treng gode hjelparar heile fredagen, men også til rigging og førebuingar torsdag kveld.

Meld deg sjølv og ta helst med ein ven eller to. Dette er både morosamt og sosialt, og ei av dei største inntekskjeldene til Aure IL.

Alle frivillige blir i tillegg invitert til bankett i Trondheim laurdag 24.august. Toppidrettsveka spanderer banketten, overnatting må du ordne sjølv.

Sett inn et Klæbo-rykket og meld deg som frivillig :) Dette blir gøy!

Ragnhild  (mobil 936 46 232 og epost post@aureil.no) eller 

May (mobil 926 59 214 og epost may.settemsdal@matematikksenteret.no)