Fotball: Fotballavslutning 2020


Fin fotball-laurdag på Aure Stadion

Laurdag 31.oktober var fotballspelarar frå seks av laga våre samla til avslutning på Aure Stadion. Med nokre justeringar i forhold til koronaen fekk kvart av laga ein time i aksjon på banen før det vart kake og pokal. I tillegg fikk spelarane halloven-godtepose frå Aure kyrkje. 

Vi vil takke Miniknøttar, Knøttar, Minijenter, Minigutar og Gutar 11 for årets sesong. Ein annerleis fotballsesong med mange nye rutinar å sette seg inn i. Heldigvis har vi fått både cupar for dei yngste laga og seriespel for dei to eldste laga våre. Mange lag held fram med treningar utover hausten, og til de som tek vinterpause allereie no: velkomen igjen i 2021! 

Fotballgruppa i Aure IL vil rette ein spesiell takk til alle frivillige i støtteapparata rundt laga. Takk til trenarane for alle frivillige timar på fotballbanen -og takk til lagleiarane for all administrativ hjelp! Utan dykk hadde vi ikkje fått dette til.

Miniknøtter f.2014

Knøtter f. 2013Knøtter f. 2012

Gutter f. 2011Jenter f. 2010/11

Gutter f. 2008/09/10

Del på: