Rehabilitering av lysløypa i Aurdalen


Nesten 500 timar dugnadsarbeid er utført i lysløypa

Mange har sikkert fått med seg at det har foregått mykje ved skibasen på Austli og i lysløypa no i haust.


Bakgrunn

Lysløypa er frå 1986 og det var behov for rensking av grøfter og utbedring av stikkrenner. I tillegg var lysarmatura dårlege, og mange måtte byttast ut både pga at dei var øydelagde og fordi pærene ville bli ulovlege. Det vart gjennomført befaring og på bakgrunn av det vart det utarbeidd eit prospekt. Årsmøtet i mars 2022 vedtok å gå vidare med dette.


Avtalar, søknadar og innkjøp

Eitt ledd i prosessen var å utarbeide nye grunneigaravtalar.  Avtalane vi hadde var i ferd med å gå ut, og for å kunne søke spelemiddel må vi ha avtalar det står att minimum 30 år av. Derfor fekk vi uarbeidd avtalar på 40 år med dei 7 teigane der lysløypa ligg. Desse vart godkjente og tinglyste. Anlegget vart meldt inn i anleggsregisteret da dette vart rullert og vi kunne søke spelemiddel på prosjektet. Faktisk var vi så heldige å få inntil kr 469 000 i spelemiddel frå fylket.


Tilbod vart innhenta frå sponsorane våre, og til slutt kunne vi gå til innkjøp av lysarmatur og lande ulike avtalar. Eitt krav for å søke og tildelt spelemiddel er at mykje må gjerast på dugnad, dermed var det berre å sette i gang.


Dugnad og gravearbeid

Eit eige dugnadslag sett saman av kompetente elektro-karar og bakkemannskap har i løpet av september og oktober skifta ut alle dei nesten 150 lysarmatura i løypa. Dette er gjennomført av Henning Torset, Erlend Vaag, Karl Mikael Gresset, Kurt Romundset, Ole Ivar Vean, Frank Hagen, Daniel Hjelen, Ole Ivar Vean, Thomas Bremset og May Settemsdal for fenomenal innsats. Frank Hagen og Thomas Bremset har stilt med privat atv for å få frakta armatur og utstyr rundt i løypa. Astrid Settemsdal har stilt med nysteika vaflar og heimebaka bollar til dugnadslaga, det blir alltid sett pris på.


I tillegg har det vore ulike dugnadar for å rydde skog i heile lysløypa slik at det skal vere mogeleg å reinske grøft med gravemaskin. Da held det ikkje at berre sjølve løypetraseen er fri for skog og kratt, også grøfta må vere fri for skog. Dette arbeidet har foregått både hausten 2022 og hausten 2023. Seniorgruppa har stilt fleire dagar, i tillegg til fleire dugnadslag. Thomas Bremset har også stilt med eigen traktor fleire dagar i samband med skogrydding.


Sjølve gravearbeidet var det sponsoren vår Br. Bakk som sa seg villige til å utføre. I tillegg har dei lånt ut gravemaskiner til oss slik at  Thomas Bremset og Thomas Løfall har utført ein del gravearbeid på dugnad. Dette var også ein føresetnad for å kome i mål med prosjektet. Den øverste svingen i lysløypa er utbetra, det same er snarvegen midt i lysløypa. Det stakk det opp store steinar som var krevjande å kome over med løypemaskina utan å øydelegge maskina. Bakk stilte med pigghammar  og ei større gravemaskin, det gjorde at snarvegen vart veldig, veldig fin. 


Det var også ein del av prosjektet var også å få til ei betre utkøyring for løypemaskina. Det har vore takrenne på skibasen, men nedløpet har berre gått i grunnen slik at nedløpsrøra har gått tett og sprukke av frost. Br.Bakk lånte ut gravemaskin, og Helge Settemsdal grov på dugnad for Aure IL. Det vart grave grøft og lagt avløp og drenering. I tillegg er dårleg masse rundt skibasen renska bort vi har fått levert 4 gruslass som ein dugnadsgjeng har planert utover.


Grunneigar Per Roksvåg har avtale med Aure Kommune om vedlikehald av resten av parkeringsplassen på Austli. Han og Ingmund Bakk fekk ordna det slik at dei fekk reinska kanten og grusa opp plassen, så no er parkeringsplassen på Austli større enn nokon gong.


I sjølve lysløypetraseen er bruer og overgangar utbetra, enten med nye bruer, eller ved at grøftene er lagt i rør. Vi har fått opp to nye stolpar til å feste lys i, og berg som stakk opp i løypa er pigga bort eller dekt til.


Det er heilt fantastisk å sjå kor bra lysløypa og området rundt skibasen vår vart no! Heile prosjektet er kostbart, og ville ikkje vore mogeleg å gjennomføre utan ulike tilskot. Vi var så heldige å få 469 000 kr i spelemiddel frå Fylket, dette held nesten til innkjøpet av nye armatur. I tillegg har vi vore flinke til å søke støtte andre stadar slik at vi totalt sett antakeleg ikkje treng å bruke særleg mykje eigenkapital på prosjektet. Det er godt gjort. Komplett prosjektregnskap vil vi legge fram i årsmøtet. Oversikten under viser loggførte dugnadstimar på prosjektet.


Andre dugnadsoppgåver som er utført i haust

Seniorgruppa har rydda skiløypa frå Kvandeekra og opp til Pumphuset i Aurdalen. May Settemsdal har måla ferdig skibasen, 2 strøk. Thomas Løfall har gjort utbedringar på traseen frå Austli og ned til Løfall, og gjort kryssinga av Løfallbekken enkel for løypemaskina. Thomas Bremset og May har hogd stikker og satt ned som vegvisarar for løypetraseen på Tverrbotnmyra. Dei har også fått løfta på plass brua som var teke av flaumen nederst på Tverrbotnmyra. Ola Stigsrud har festa dekke på fleire av bruene og køyrd vekk restar av ei gamle bruene.


Det er mange timar som ligg bak, og det er mange å takke. 

-Grunneigarar som utan å stille motkrav går inn på avtalar med oss om bruk av eigendomen sin i 40 ny år.

-Sponsorar som NEAS og Br. Bakk som stiller med maskiner, ustyr og kompetente folk. Ingmund Bakk har kome med gode råd og vore raus med Aure IL, og dei har sponsa oss med arbeidstid og maskinbruk som dei ikkje har fakturert.

-Frivillige som stiller opp og brukar kveld etter kveld på dette prosjektet som er til glede for så mange.


TUSEN, TUSEN TAKK! Lysløypa og skiløypene er til glede for mange. 



Del på: