Utøvaravtale mellom Kristoffer og Aure IL


Aure IL er stolte over å ha ein utøvar på landslagsnivå

Det er nytt for Aure IL å ha ein utøvar på landslagsnivå. Det er vi så heldige å ha no. For å sikre forutsigbarhet for både utøvar og klubb tok derfor hovedstyret tak i det og laga ein avtale. I denne prosessen hadde vi god dialog med utøvaren. Årsmøtet i Aure IL sa einstemmig ja til avtalen, og no har både Kristoffer og styreleiar i Aure IL signert.

Aure IL er heldige som har gode utøvarar som vil representere klubben og heimbygda si!

Utøvarane er gode førebilete og dei representerer Aure IL, samarbeidspartnarane våre og Aure på beste vis.