Den nye løypemaskina på plass i Aurdalen


Tirsdag 20. oktober kom den nye løypemaskina til Aure IL

Det har vore ein lang prosess, men no er den nye løypemaskina på plass. 

Skigruppa, løypekøyrarar og hovudstyret har i snart to år arbeidd med ulike løysingar for å erstatte løypemaskina vi hadde. Det har vore grundige prosessar for å finne ut  om det lønte seg å kjøpe brukt kontra nytt, kva støtteordningar som finst, og det har vore jobba aktivt for å skaffe midlar. 

Eit einstemmig årsmøte gjekk i juni inn for å kjøpe den nye maskina vi hadde på handa. Avtalen vart signert, og no på tysdag vart maskina levert. Maskina er PistenBully 100 4F, 2019 mod, kjøpt fra Antra AS.

Vi trur dette var eit godt val og ser fram til å ta i bruk maskina når det har kome nok snø.


Del på: