Aure IL er tildelt støtte på kr 200 000,-


Tusen takk Nordenfjeldske Bykreditt !!!

Hovedstyret i Aure IL har det siste året arbeidd aktivt for å få inn ekstra midlar til kjøp av ny løypemaskin. Det låg an til at denne store investeringa ville kome, og I juni gjekk eit einstemmig årsmøte inn for å kjøpe ny løypemaskin. 

No i haust rakk vi akkurat å levere inn søknad til Nordenfjeldske Bykreditt om støtte før fristen gjekk ut, og berre ei stor veke seinare fekk vi svar om at søknaden vart funne god nok og vi får kr 200 000 til kjøp av ny løypemaskin. 

Dette er ei tildeling vi set enormt stor pris på! Tusen takk til Nordenfjeldske Bykreditt for at dei har trua på dugnadsinnsatsen som blir lagt ned i Aure IL og ser at ei ny løypemaskin er viktig både for idrettslaget og alle i Aure Kommune!

Del på: