Sparebank 1 Nordvest-cup 2020


Cupmoro på Aure Stadion

Laurdag 19.september var det endeleg fotballcup for dei yngste spelarane våre. Den årlege Sparebank 1 Nordvest-cup gikk av stabelen på Aure Stadion. Fotballsesongen 2020 har ikkje vore som andre fotballsesongar, og mange har lengta etter å få spelardrakta på og spele ordentlege kampar. For dei ferskaste spelarane våre var det cup for aller første gong -og fotballgleda var stor for både nye og erfarne spelarar. 22 lag og 125 ungar i alderen 6 - 10 år fekk fabelaktige fotballtimar i lag. Aure IL takkar for triveleg fotballbesøk frå naboklubbane våre i Heim. Vi takkar hovudsponsor Sparebank 1 Nordvest samt andre sponsorar og støttespelarar for premiar til loddsalet og støtte til breddeidretten. Vi takkar alle frivillige for innsats før, under og etter arrangementet. Vi sjåast igjen på neste cup!

Sagt på cupen:

"Når e' næste køpp?"

"Æ har venjta å venjta å venjta på å få spælla køpp"



Del på: