Sparebank 1 SMN støttar oss med 50 000 kr til ny løypemaskin


Vi er veldig glade for å få tildelt 50 000 kr frå Sparebank 1 SMN!

Gjennom Sparebank 1 SMN si ordning "Samfunnsutbytte" søkte vi i vinter om støtte til kjøp av ny løypemaskin.
7.mai fekk vi gladmeldinga om at vi har vorte tildelt kr 50 000. 

Dette er fantastisk gode nyheiter for Aure IL, og vi set stor pris på støtte frå lokalbanken Sparebank 1 SMN!

Covid-19 gjer at vi ikkje har hatt årsmøte enda, men ei av sakene som skal opp til behandling der er ny løypemaskin. Det er ei veldig stor investering i tilfelle, derfor er det ekstra viktig å ha gode sponsorar som støttar oss.

 Tusen takk, Sparebank 1 SMN!