Aure IL gjer grep for å hindre spredning av koronaviruset


Fram til situasjonen med koronaviruset er meir avklart iverksett vi tiltak for å hindre spredning.

Hovudstyret i Aure IL har gjort følgande vedtak for å hindre spredning av koronaviruset:

  • Handballgruppa avlyser handballkampane førstkomande søndag der vi ventar gjestar frå: Hitra, Orkdal, Lensvika og Tr.heim.
  • Vi trekkjer handball-laga frå Aure IL som skulle vere med på tilsvarande arrangement i Orkdalen på laurdag. Dvs at vi ikkje reiser dit på handballkamp.
  • Vi utsett årsmøtet med ei veke til 23.03.20 i påvente av ein meir avklara situasjon.
  • Søndag 15. mars blir det IKKJE open skihytte.

Vi gjer vurderingar og kjem med oppdateringar på denne saka.