Asbjørn Klaksvik til minne


Asbjørn Klaksvik har gjennom mange år sett tydelege spor etter seg i Aure Idrettslag. Dette starta allereie i gutedagane da Asbjørn fekk høyre om ein ny hoppbakke, eit nytt idrettsanlegg og eit turrenn mellom Aure og Hemne.

Asbjørn hadde 3 periodar som leiar i Aure IL. Først i 1949 – 1952, så 1954 – 1959, og siste perioden i 1962 – 1965. Som han sjølv beskriv så tok han opp sakene med ny hoppbakke, nytt idrettsanlegg og nytt turrenn i fleire årsmøte og styremøte. Der vart dei samde om å skaffe seg anlegga, og Asbjørn leia an i det arbeidet. Klakkrennet gjekk første året i 1950. I 1951 sto ny hoppbakke i Fagerhaugkollen ferdig, og i 1971 var det nye anlegget på Flatmarka ferdigstilt. Asbjørn har også fortald at han saman med m.a. idrettskonsulenten i Møre og Romsdal var i Oslo på Statens Ungdoms- og Idrettskontor og forhandla om tippemidlar. Dei fekk 75 000 kr, og anlegget på Flatmarka var prissett til 300 000 kr. 

Sommarhalvåret konkurrerte Asbjørn både i og utafor Aure. Han deltok i terrengløp i Østersund, løp St.Olofsloppet, Tordenskioldløpet, og på fleire av desse turane var også kona Margunn med. Vinterstid var han med i hopprenn både i Betna, i Valsøyfjorden og på Kyrksæterøra. Ein gong han skulle til Hemne på hopprenn gjekk han fra Aure til Todalen (18 km) på hoppskia og var med motorbåtrua til Kåre Engdal over til Engdalen. På denne turen minst han ein flokk med hjortar på vegen innom Ervika, mellom 50 og 100 hjortar. Da dei fekk sjå «ein stor og rørsleg kar på hoppski, med ein gamaldags ryggsekk og ei djevelhuve på toppen, trekte dei seg unna og hoppa av vegen. Asbjørn har gått 50 Klakkrenn, det første i 1950 og det siste i 2006. I starten av Klakkrennet si tid var han ein av dei som gjekk opp løype til rennet. Heldigvis tok snøscooter og løypemaskiner over den jobben etter kvart. 

Det hadde lenge vore snakk om at Idrettslaget skulle hatt eit krypinn i Tverrbotn ettersom det var så gode snøforhold her. Etter mykje godsnakking med eigarane enda det med at Aure IL fekk overta det nedlagte fjøset. Asbjørn starta som formann der 16.august 1976. Kona Margunn overtok leiarjobben fram til dei takka for seg i 1991. 

Skihytta er godt tenke vare på, og kvar skjærtorsdag er det sportsgudsteneste i hytta, og kvar søndag frå nyttår og utover vinteren er det open hytte med sal av mat og kaffe.

Vi kan elles også ta med at Asbjørn har delteke på mange trenings- instruksjon og organisasjonskurs. Han tok også svømme- og livredningskurs og fekk av den grunn mange vakter i svømmebassenget. Han var også instruktør for fleire parti med gymnastikkutøvarar, allereie frå 1940.

Som det står i jubileumsskriftet frå da Aure IL feira 50 år, så nyttar det ikkje rekne på kor mange timar Asbjørn har lagt ned for Aure IL. Etter 14 år som leiar i Aure IL vart han heidra med ei bordlampe med innskrift. I 1957 fekk han kretsens diplom for «fortjenestefull innsats for idretten på Nordmøre». 

I 1937 fekk Aure IL eitt par ski frå Nordmøre skikrets. Desse skulle gå til ein «lovande ung skiløpar i laget». Styret i Aure IL gjorde da samrøystes vedtak om at dette skiparet skulle gå til unge Asbjørn Klaksvik. Og som det står i skrivet: «Asbjørn har i fullt mon innfridd dei forventningar styret i Aure IL i 1937 sette til han, både som aktiv idrettsmann og trugen idrettsleiar.

Takk til Ivar Torset og Stein Brage Raanes som la på bårebukett og heldt minnetale på vegne av Aure IL under gravferda til Asbjørn.

Pengegåva i samband med gravferda til Asbjørn gjekk til Aure IL og det kom inn 9200 kr. I tillegg har Asbjørn og Margunn testamentert 50 000 kr til Aure IL. Hovudstyret i Aure IL set stor pris på at idrettslaget blir tilgodesett og har vedteke å legge desse pengane i ny løypemaskin. Vi veit at det er i Asbjørn si ånd.

Vi lyser fred over Asbjørn Klaksvik sitt minne.

Hovudstyret i Aure Idrettslag

Del på: