Oppgradering av skibasen i Aurdalen


Enorm oppgradering av skibasen i Aurdalen hausten 2018

Aure IL sin driftige anleggsleiar, Thomas Løfall Nedresæter, har denne hausten stått i bresjen for ei stor oppgradering av skibasen på Austli. 

Mange dugnadstimar er lagt ned for å få til dette. Fleire har vore involvert med både dugnadstimar og materiell/utstyr, det kjem vi tilbake til. Her er ei oversikt over arbeidet som er utført:

- det er rydda skog bak skibasen på Austli
- myra er traua ut og lagt i ranke mot skogen
- grus er lasta ut av sandtaket til Per , duk er lagt på myra og grusmassar er fylt på og planert
- langs vegen er det lagt nye drensrør
- det er sett ned ny kum for å samle rør og overvatn
- grøfter er pussa/renska og det er lagt ny stikkrenne der lysløypa tek av frå Sølømsvegen
- oppkjørselen til lysløypa er utvida
- bekkeløpet er korrigert slik at det ikkje kjem vatn inn på parkeringsplassen

Dette har ikkje vore mogeleg utan innsats og bidrag frå både grunneigarar, sponorar og frivillige. Vi ønsker spesielt å takke:

- Grunneigar Per Roksvåg for hjelp med felling av tre, rydding i lysløypa og for at vi fekk kjøpe så lett tilgjengeleg masse av han.
- Ove Stormyr og SL Maskin for levering av singel, duk og rør.
- Stig Helland v/ SH Mek & Maskin for leie av traktor og hengar.
- Seniorgruppa for rydding av skog.

Alt dette har vore under leiing av anleggleiar Thomas Løfall Nedresæter. I tillegg til å bruke utallege timar på graving og gjennomføring av dette prosjektet har han også stilt med eiga gravemaskin. Ein heilt uvurderleg innsats for Aure IL. Tusen takk!

Styret i Aure IL