Fotball: Gutter 13 år krinsmeistrar


Gutter 13 har sikra 1. plassen i serien med ein kamp igjen.

G13 har sikra 1. plass i serien,med ein kamp igjen. No håper vi mange vil kome og feire gutane på siste kamp fredag 28.09 kl. 19 på Aure kunstgras.

Før ein fantastisk sesong var over, kunne gutane på Aure/Ertvågsøya/tustna G13 få pokalen som bevis på at dei vinn serien for G13 7ar, ein kamp før slutt. Det blir den andre pokalen laget får i år.  I sommar tok dei tredjeplassen på Ørland Cup.

Siste seriekamp blir spelt på fredag 28. september klokka 19.00 på Aure kunstgras. No håpar vi mange kjem og støttar serievinnarane på den siste kampen.

På biletet: Bak f.h. Inge Martin Fossland, Rami Teklemariam, Erik Vean, Oskar Wiklund Thevik, Oliver Espset. Framom f.h. Jovna Olai Krutvik, Alik Okubamichael , Eivind Andreas Almli, Oddmund Wiklund Thevik, Petter Skar, Tore Vassli Ertvaag. Trenarar er Ivar Jonny Espset og Daniel Fiskum, oppmann Jan Ove Krutvik.