NYTT WEBKAMERA PÅ SKIBASEN i AURDALEN


No er det nye webkameraet montert på skibasen i Aurdalen.

Med det nye IR-kameraet kan du sjå om det har kome snø, om det er køyrd opp skispor, og korleis veret er i Aurdalen både på dagtid, men også etter det har vorte mørkt. Bileta er skarpe og fine, og dei blir oppdatert kvart 5. minutt. Den nye plasseringa av kameraet gjer at det er meir beskytta mot ver og vind.

Kameraet finn du her: https://aureil.no/kamera

Du finn det også på www.aureil.no, "Ski og friidrett", og så "Ressurser og nyttige lenker".

Stor takk til Stian Ertvåg for montering, og får å få det nye kameraet i drift på nettsida.

Og som de ser er det kome julesnø i Aurdalen :)